tirsdag, februar 14, 2017

Dagbok 2017: 14.februar


Klokka er 22.30, temperaturen ute er minus 2 grader, og det har vore enda ein nydeleg dag-med tanke på vêret.
Mykje av føremiddagen gjekk med til diverse husarbeid, blant anna støvsuging og litt ommøblering. Eg gjekk heimanfrå i god tid til å nå bussen som går frå Ørsta ca. 13.50. Bussen vart stappfull, noko som er sjeldan, men det var skuleelevar frå Folkestad, blant andre, som hadde vore i Ørsta og sett musikalen til VVS. Eg kom i prat med ei som sikkert var lærar ved skulen, og ho spurde om eg ikkje var bestemora til Amanda- og det er eg no. Margrete hadde skaffa billett til meg, men slik stoda vart her måtte eg berre takke nei, denne gongen. Amanda har no to år att på musikklinja så eg vonar det vert fleire høve å sjå henne i aksjon.
Bussen køyrde heilt opp til sjukehuset i dag, så det var lett å kome seg fram. Nils låg på same rommet som sist -i lag med tre andre eldre karar. Nils er veldig slapp, og har dårleg appetitt, kvalm er han også, men han har ikkje smerter og heller ikkje feber. No er dei eit heilt team med legar som skal prøve å finne ut kvifor han får desse infeksjonane. I dag trilla dei senga inn på eit anna rom der vi hadde samtale med lege og kreftsjukepleiar. Nils vil gjerne at eg er med på alle slike konsultasjonar, for sidan eg er frisk kan eg samle meg om både spørsmål og svar. Eg er litt meir "på høgget" enn pasienten sjølv. Eg spurde Nils om han tykte eg kjørte over han og snakka for mykje. Men han sa at det var berre bra. Det er ingen ting som feilar Nils i hovudet, han er like klår som eg, men han er berre så slapp. Overlegen kom inn på rommet etter at han hadde konferert med dei andre legane, og sa kva medisin dei ville satse på for å få Nils opp og stå-bokstavleg talt.
Eg såg at Nils var sliten og at han helst ville sove, så eg spurde om eg skulle gå- og det syntest han eg skulle. Dermed kom eg akkurat 10-15 minutt for seint til ein buss, og tilsvarande for tidleg til neste buss. Det går buss kvar time. Dermed tok eg ein liten runde på Spinneriet utan å kjøpe noko. Då eg endeleg kom heim att var klokka 18.30. Eg gjekk relativt fort opp bakkane i kveld.
Men så begynte moroa. TV-en ville ikkje virke. Eg drog ut og sette inn att alle verdens leidningar etc. men ikkje noko hjelpte. Eg "averterte " etter hjelp på FB, og Even kom nedom og prøvde seg med alle slags kunster, men heller ikkje han fekk det til. Det er truleg Get-boksen som ikkje funkar. Men han fekk i alle fall liv i laptoppen.
Eg har sete her på datarommet og sett Arvingane. Skal sjå litt nyhende også, men så vil eg inn att i stova i godstolen.
I morgon klokka 11.00 skal eg på styremøte i pensjonistlaget. Etterpå tek eg buss til Volda utan å fare heimom først.

Ingen kommentarer: