onsdag, februar 15, 2017

Dagbok 2017: 15.februar

Siste fine morgonen på ei stund?




Klokka er17.00, temperaturen er +6 grader C, det har skya over og vi har fått dei første regndropane. Det blir nok fleire.
Det var mykje styr med TV-en i går kveld, men vi kunne spart oss all møda, for det var ikkje her feilen var. I dag då eg sette på TV-en virka alt som det skulle. Og takk for det. Eg plar aldri sjå frokost-TV, men i dag fekk eg sjå mora til Lothepus. Det er litt selskap i fjernsynet når ein er så mykje heime åleine, men det blir nok ingen vane å sjå TV på dagtid.
I dag gjekk eg heimanfrå klokka 10.30 ca. fordi eg skulle på styremøte. Hadde litt vondt i hofta etter all trakkinga i går, men eg hadde ikkje gått mange meter før eg vart plukka opp av ein nabo som skulle nedover. Møtet varde i godt over ein time, men eg hadde god tid til bussen som går herfrå 7 minutt før kvar heile time. I dag var det litt spesielt, for det var Bergensbussen som kom. Eg veit ikkje kvifor, men vi måtte byte buss i Furene (Som regel byter vi berre sjåfør der). Men vi var framleis på bussen som skulle til Bergen- og han skulle rett på ferja. Vi vart med ned på ferjekaia, der vi som skulle til Volda måtte over i ein annan buss. Heldigvis køyrde den bussen opp til sjukehuset. Eg er i grunnen blitt ganske glad i å ta buss, billeg er det også.
Nils ligg framleis på 4-mannsrom på sjukehuset, han har det bra, men er framleis slapp og appetittlaus. Eg hadde kjøpt nokre druer utan stein, og dei likte han. Elles går det i diverse supper. Alle som jobbar der gjer sitt beste for å hjelpe både han og dei andre pasientane. Dei gjer ein god og nyttig jobb.
I dag fekk eg også helse på fysioterapeuten, som heiter Rasmus. Ja, han er ikkje fullt utdanna enno. Sidan han snakka ein nordnorsk dialekt spurde eg kvar i Nord-Norge han kom frå. " Eg er eigentleg ikkje nordlending", sa han, "eg er frå Eid". Det viste seg at han hadde budd på Eid til han var 16 år, og i alle skuleåra sine hadde han gått i lag med Øyvind, barnebarnet til bror min. " Eg var så glad i dag, for eg trudde det var torsdag og då er det klubb, " sa han. Sjeldan eg høyrer folk som snakkar om klubb no. Ikkje seier eg det sjølv heller.
Dei kjem og måler blodtrykk, temperatur etc. rett som det er, og alt ser bra ut med Nils. I dag tidleg måtte han ta ei litt spesiell undersøking av magesekken, så då måtte han "svelgje slangen". Dei måtte vere sikre på at han ikkje hadde magesår eller liknande før dei kunne gi han dei nye tablettane. Det hadde gått fint med undersøkinga og alt var i orden.
Det er snakk om at han skal vere på sjukehuset eit par dagar til, og så ønskte vi at han skulle få kome på Ørstaheimen ein periode før han kjem heim. Han har framleis problem med å gå, så eg synest ikkje det er forsvarleg å ha han heime enno.
Margrete ringde mens eg var der, og ho kom oppom og såg til Nils før ho køyrde meg heim. Så i dag har det ikkje blitt så mykje mosjon på meg. Eg fekk henne til å køyre ein tur på Felleskjøpet såpass eg fekk handle vaskepulver- men ingen av oss hugsa å ta det ut av bilen i Starevegen, så no er OMOen på ville vegar.

Ingen kommentarer: