mandag, februar 20, 2017

Dagbok 2017: 20.februar

Klokka er 20.00, temperaturen +6 grader C og det regnar. Noko til vinter! Men eg er komen opp i den alderen då ein synest det er greitt å sleppe snø og glatte vegar, sjølv om eg gjerne kunne tenkt meg litt sparkeføre.
Føremiddagen i dag gjekk stort sett med til klesvask og stryking , pluss litt anna husarbeid.
Nils ringde etter legevisitten og sa at han skulle overførast til sjukeheimen i dag. Seinare ringde han igjen og sa at han skulle reise med ambulanse frå Volda klokka 16.00. Eg tok tidspunktet med ei klype salt.
Sidan eg skulle gå i dag, kunne eg ikkje ha med meg så mykje. Eg ville også sjå det an, kva han trong, og kva han ønskte eg skulle bringe han.
Nokre småting hadde eg alt i veska, men etter at eg hadde leita huset rundt etter ein kam, bestemte eg meg for å legge turen om Kiwi for å kjøpe kammar så vi hadde ei stund. Eg leita i hyllene med tannbørstar, barberhøvlar deodorantar og desslike, men måtte til slutt spørje betjeninga etter kammar. DET hadde dei ikkje, så eg kjøpte berre nokre bananar, ikkje at det erstattar kam altså.
Eg var på sjukeheimen klokka 16.00 til tross for at eg nesten gav opp på vegen, hofta mi slo seg fullstendig vrang i dag. Hadde tatt eit par tablettar før middag, men hadde ikkje tatt med fleire.
Det kom seg noko når eg fekk sitte og kvile ei stund. Eg trefte ei dame frå Vartdal som eg kjenner, så eg hadde henne og eit par til å prate med mens eg venta, for Nils var sjølvsagt forseinka. Klokka vart 17.30 før han kom, og då var han ganske sliten og groggy. Han hadde ikkje fått så mykje nattero sist natt og så var det den lange ventetida.
Vi hadde gledd oss til at han skulle få einerom med TV; det vart ei ekstraseng- men rettnok på eit einerom. Ikkje ei einaste stikkontakt ved senga viste tydeleg at rommet ikkje var berekna for meir enn ein. Den andre mannen var grei nok, han var der fordi han hadde brote lårhalsen, så han er ikkje sjuk i den forstand, men han høyrde veldig dårleg.TV var det ikkje tale om å få plass til.
Eg sat der så lenge til Nils hadde fått i seg ein kopp suppe (rett i koppen) + ei skål med havregraut/-suppe. Næringsdrikkar hadde dei ikkje, men det skulle dei skaffe i morgon. Eg tok ikkje med heimanfrå, for eg rekna med at han fekk der. Det angra eg litt på, men bananer inneheld også mykje næring.
Han var så trøtt at eg let han få fred så han kunne få seg ein blund. Eg gjekk heim att og hofta heldt!
Nils ligg på samme avdelinga som sist, første rommet på høgre hand, bilde av ei sol på døra.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Vi får håpe det ordnar seg med eige rom med TV. Viktig for han som likar å sjå sport og følgje med på det som skjer. Hugsar at far min hadde stor glede av TVen då han og mor budde på Eldretunet. Om føremiddagen såg han bl.a. reprisa til alle distriktsendingane frå sør til nord på NRK2, og det var interessant.
Eidabesta

Besta sa...

Ja, dette var skuffande, lite rom, berekna for ein, men der er sikkert så fullt. Håper det ordnar seg.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...