torsdag, februar 09, 2017

Dagbok 2017: 9.februar


Klokka er 21.30, temperaturen er minus 4 grader, men på veg opp trur eg. I dag tidleg då eg var ute og henta inn avisa var det minus 8 grader C - og det kjendest kaldt.
I dag kom heimesjukepleiaren klokka 11, som planlagt, og det var den same som var her måndag.
Nils var ikkje heilt i form i dag, men han har ete rimeleg bra og har ikkje feber. Han er litt sår i halsen, så vi håper på at det berre er ei lett forkjøling. Eg er litt sår i halsen sjølv når eg kjenner skikkeleg etter.
Det har ikkje vore nokon på besøk i dag heller, eg veit at nokre av naboane held seg borte fordi dei er forkjøla. Vil ikkje risikere å smitte oss.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag anna enn å gå pasienten til hånde, rydde opp litt både ute og inne osb. Når eg ikkje har noko anna fornuftig å ta meg til, bakar eg brød, det gjorde eg i dag. Eg lagar næringsrike, gode brød, men Nils vil helst ha dessertar. I dag fekk han sjokoladepudding, det går ned på høgkant. I kveld har eg strikka og sett TV. Det går i restelestar.
Sola kom i dag også, klokka kvart på ti, og dei siste strålane kom inn i stova klokka 16.38. No har eg som ein mistanke om at det blir endringar i vêret og kanskje snø. Såg at månen ikkje var heilt klår i kveld.
Hadde bestemt stor-shopping med venninne i morgon, men slo det frå meg. Det blir berre ein liten tur ned på Amfi og kaffi på Føniks. Vil ikkje vere borte så lenge, men må i alle tilfelle ned på apoteket. Venninna hentar meg klokka 12.00.
Bilda er tatt klokka 16.38.




Ingen kommentarer: