fredag, februar 24, 2017

Dabok 2017: 24.februar





Klokka er 18.00, temperaturen er minus 1 grad C og det har snøa nesten heile dagen. Stian måtte til å moke tunet i dag igjen, men altanen vart ikkje moka i dag-i går reinska eg opp.
Sist natt vart eg liggande å hoste og hoste, tørr kløhoste som berre var irriterande.
Eg vakna i rimeleg tid, men stod ikkje opp med det same, for eg var slapp og trasig på alle måtar. Eg er så vant til å vere frisk at eg gir meg heilt over for ei stakkars forkjøling. Det er ikkje snakk om influensa med feber og det som høyrer med. Men ein kan bli ganske så slapp av forkjøling også.
Nils ringde før eg var oppe, han synest at han kjem seg dag for dag no. Eg har  lege på daybeden min med lydbok og varmeteppe det meste av dagen. Solveig kom innover og ho hadde med hostesaft til meg, og så tok ho med ut til Nils diverse saker som han trong. Ho kom opp att hit etter besøket, då drakk vi kaffi og prata. Ho hadde forresten med seg bollar til meg, og et det gjer eg, same korleis det elles står til.
Eg har vore ned i tilbygget og henta inn ved, så eg kan ha det varmt og godt gjennom ein lang TV-kveld. No er det to dagar eg ikkje har besøkt Nils, elles har eg besøkt han alle dagar han har vore på sjukehuset og på pleieheimen. I morgon kjem Einar innover, då håper eg at eg kan vere med ut på Ørstaheimen ei stund. Berre hosten losnar ned for "bringa" no, så blir eg bra. Trur eg . Ha ei god helg alle som les bloggen.

Ingen kommentarer: