torsdag, februar 23, 2017

Dagbok 2017: 23.februar

Klokka er 17.45, temperaturen så vidt litt under 0 grader og vi har fått ny snø. Fin og lett var snøen då han kom, så får vi sjå om den blir liggande eller om den renn vekk. Naboguten kom og moka heile tunet tidleg på dag, seinare kom det meir snø. Men for meg hadde det ikkje noko å seie, for eg hadde bestemt meg for å halde meg heime i dag. Verkte så grassat i hofta sist natt at eg ikkje fekk sove til tross for ein rikeleg dose tablettar. I tillegg var eg sår i halsen. Sovna til slutt då det nærma seg morgon og det var ikkje akkurat tidleg eg stod opp.
For hofta si skuld ville eg halde meg mest muleg i ro for å sjå om det hjelpte. Eg har snakka med Nils i telefonen fleire gonger, han ringer når han vil prate litt. I dag var han godt fornøgd; han hadde fått rom for seg sjølv og TV- det siste var veldig viktig, for han likar å følgje med på sporten. Elles hadde han fått i seg bra med mat. Han får medisin som hjelper både for det eine og det andre. I går hadde han også rom for seg sjølv då eg var der, men så fekk han inn ein kamerat om kvelden. Det var ingen suksess. Ein av naboane ringde og tilbaud meg skyss, men i dag takka eg nei.
Det er ikkje så ofte eg kjedar meg, for eg finn alltid noko å gjere, men i dag skulle eg verken gjere husarbeid eller "vandre" så det vart litt tamt. Hadde nokre telefonar i "embets medfør" og gjorde ferdig eit lestepar. No ventar eg på at Solveig skal komme med garn til meg, for no er eg lei av å strikke "reste-lester". Solveig og Einar kjem innover fredag og laurdag, ein av dei kvar av dagane.
Mens eg strikka høyrde eg lydbok, men eg syntest heile tida det var noko kjent med boka. Eg hadde rettnok sjekka bloggen og funne ut at eg ikkje hadde lese den, men etter kvart vart tvilen så stor at eg måtte sjekke igjen- og då fekk eg treff. Det er ein kriminalroman og dei er til forveksling så like, mange av dei, at det gjer ikkje så mykje om eg les den om att.
Eg var ut på altanen og skuffa vekk noko snø, så den ikkje frys til slik som førre gongen vi hadde vinter.
Har ikkje laga meg noko spennande mat i dag, prøvde ei "rett i koppen" -suppe som vi hadde liggande, men den var ikkje så spennande.
Håper eg er meir frittgåande i morgon, for eg er litt for frisk til å slappe så mykje av, men eg har forkjølinga i meg og vil ikkje smitte folk.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...