fredag, februar 17, 2017

Dagbok 2017: 17.februar


Klokka er 18.10, temperaturen er + 3 grader C, og eg er ikkje sikker på om det har regna litt i dag, men sola var i alle fall framme ei lita stund på føremiddagen.
Elles kan eg melde om fint vêr i Bergen og på Skedsmokorset, sidan eg har hatt kontakt med ei venninne og ei kusine. Venninna i Bergen fyller 77 år i dag, og vi har vore venner sidan vi sat i lag på dobbelpult i 1.klasse, ja, kanskje før det også.
Elles vart eg veldig skuffa i dag før middag då Nils ringde og fortalde at han måtte vere på sjukehuset over helga. Eg hadde gledd meg til han skulle få komme til Ørstaheimen i dag. Men legane hadde funne noko dei ville undersøke nærmare. Meir veit eg ikkje om det. Men eg kontakta Einar som hadde planlagt å besøke morfaren i dag, så han henta meg og vi for i lag bort til Nils.
I farten treiv eg med meg eit par yoghurtar frå kjøleskapet i tilfelle han greidde å ete dei.
Men i dag fekk eg nesten sjokk, han ville ha den eine med ein gong, og då han hadde fått i seg den, tok han den ande også. Og så kunne han fortelle at han hadde ete pizza til lunsj. Etter ei stund kom dei og spurde om han ville ha lapskaus, som var middagen i dag. Ja, det ville han, og ein ganske bra porsjon gjekk ned på høgkant, pluss frukta som var til dessert. Eg sat berre og måpte. Har ikkje sett han ete så fort og mykje på månadsvis. Det er nok dei nye tablettane som tek til å virke, slik legen sa dei skulle. Om det er medisinen som gjer at han et, og verkar kvikkare, så er det no kjekt uansett.
Einar og eg vart svoltne berre av å sjå på, så vi bestemte oss for å te på Kina-restauranten i dag. Der tok vi "Dagens" som vi trudde var norsk mat, sidan der stod "Svinesteik med fløtesaus". Det må i alle fall ha vore ein veldig kinesisk variant, det einaste norske eg kunne oppdrive var poteter. Men godt var det. Litt dramatikk var det også i og med at servietten min tok fyr, men eg fekk fanga den med gaffelen og putta den opp i vassglaset mitt. Er blitt vant til at dei små "telysa" er elektriske-men i dag var dei levande.
Einar køyrde meg heim, og der stod telefonen og blinka. Det var Nils som hadde ringt før eg kom heim, han ville vite korleis det hadde gått med kafé-besøket. Han hadde ringt frå fasttelefonen på rommet for at eg skulle få nummeret. Alt i alt har det vore ein bra dag i dag. I morgon kjem Solveig innover, så då får eg skyss både til sjukehus og butikk.
Var ein liten tur rundt huset før Einar kom, og ser at løkplantane spirer både her og der. Det er i grunnen for tidleg.
Ønsker alle ei god helg!


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...