søndag, februar 05, 2017

Dagbok 2017: 5.februar

Klokka er 19.15, temperaturen ligg og vaker rett under 0 grader og vi har hatt enda ein fin dag.
Sola kom før klokka var 10 i dag også og var her til kl.16, men var vekke ei stund innimellom på grunn av skyer. Det hindra meg i å stikke av ut i dag, og det var bra.
Etter å ha neglisjert husarbeidet fullstendig i to dagar, måtte eg gjere ein liten innsats i dag. Eg måtte til dømes rydde og vaske på badet, så eg tok ein sveip over kjøkkengolvet med det same.
Etter at eg i lang tid ikkje har laga særleg mykje mat, har eg lagt meg til lettvinte vanar. I dag laga eg kjøttbollar av vanleg kjøttdeig frå frysaren. Laga lys saus til, og det blei heilt nydelig. Denne retten laga eg relativt ofte då ungane var små, men i seinare år har vi stort sett levd på fisk. Fekk inspirasjon til å ta opp att gamle vanar då Nils var på Ørstaheimen, for der fekk han kjøttbollar. Kjøttdeigen spedde eg med egg og heilmelk, og sausen inneheldt både smør og fløyte, så det er slutt på magre dagar her no. Hadde Nils vore i sitt gamle ess hadde han vel ete minst det dobbelte av det han gjorde i dag, men eg får vere glad for at han får i seg ein vanleg porsjon. Det er to ting eg må ha i bakhovudet når eg lagar mat til han: proteinar og kaloriar. Og så et eg sjølv av samme maten.......
Etter vi hadde ete middag og drukke kaffi skulle eg slappe av med bok og strikketøy, men hovudet datt berre ned, og i fare for å bli spidda på strikkepinnane, måtte eg berre gi meg over og slappe av i godstolen.
Eg har skrive om støvsugarposar før i veka, og i kveld fekk eg dei levert på døra av seljaren. Det er nesten som ein blir litt forundra når folk held det dei lovar. Posane var dessutan billegare enn på nettet.(Eg måtte berre sjekke!)
Nils har vore ganske bra i dag. Eg veit ikkje kva det kom av at han var så uvel i går.
I dag har vi ikkje hatt besøk, men i morgon klokka 11.00 kjem "badevakta" (heimesjukepleien).
Boka over er eg ikkje heilt ferdig med, så de får vente på MIN dom.