lørdag, mars 12, 2011

Vermelding 12.mars 2011

I dag kjem eg med enda eit ufyselig verbilde, men slik er det berre. Klokka er13.30, temperaturen er +2-3 grader C og det sluddar. Nils har vore ute og moka snø på føremiddagen, eg har vore inne. Laga nokre fiskekaker som vi skal ha til middag om ei lita stund, og delte opp og planta nokre "avleggarar" etc.etc. Bryr meg ikkje om å gå i butikkar på laurdagane, vi pensjoane har høve til å handle andre dagar.Og denne veka har vi dessutan vore mykje på farten.
Sjølvsagt lengtar vi etter sol og vår, men våre problem er små i høve til det dei slit med i Japan. Det er skikkelig skummelt på meir enn ein måte. Ikkje minst er eg redd for kva som kan skje med atomkraftverka.Vi får håpe at det ikkje vert total katastrofe.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det ser verre ut enn etter bomber!

Hildegard sa...

Ikkje ofte vi går i butikkar på laurdagar heller. Her har Bunnpris opna Brustadbu på søndag, så er det noko ein manglar, kan ein få tak i det "i beste kyrkjetid". Då vi var nyetablerte nådde ein knapt butikken etter jobb - litt av ei forandring.
Ja, det er trist det som skjer i Japan no, og på vår sørlege halvkule er det krig og elendigheit.
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...