onsdag, mars 30, 2011

Vermelding 30.mars - 2011

Klokka er 12.00, temperaturen er +1 grad C og veret er strålande. Håpet er at sola kan varme såpass i løpet av dagen at snøen begynner å smelte.Det er ikkje kjekt med snø halve året. I dag har eg berre gjort sånn litt lettare husarbeid, for eg skal på møte på Bakk-Ola klokka 13. Det er styremøte i pensjonistlaget og vi har mykje å planlegge sidan laget fyller 40 år i år og det skal markerast.På første styremøtet møtte eg presis, berre for å oppdage at alle dei andre hadde kome ein halvtime før, så i dag må eg også vere tidlig ute.
I går ettermiddag/kveld var Nils og Hassan ute for å fiske, men dei fekk berre ein sei og den var liten. Men vi har sei i frysaren, så vi lid ikkje nød.
Eg har framleis diverse problem med dataen, men no har eg greidd å finne fram alle funksjonane eg brukar på EIN nettlesar- i staden for at eg ei stund måtte bruke tre. Har briefa Rasmus, så han har med seg det som trengst for å oppdatere maskinene når han kjem- på Palmesøndag. Vi gler oss til det.(Ja, ikkje berre på grunn av datamaskinene altså)!

3 kommentarer:

solveig sa...

Det skal bli kjekt å samle heile gjengen. Her i huset ventar vi og ein son frå Austlandet!

Besta sa...

Og eg hadde besøk av ein dotterson frå Volda i dag. Sende med han MP3 -spelaren+ Møre-Nytt.

Unknown sa...

:)

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...