lørdag, mars 19, 2011

Vermelding 19.mars 2011


Klokka er 12.30. Temperaturen er + 8 grader C, og så langt er det strålande sol frå nesten skyfri himmel, men eg har ein mistanke om at det vil endre seg. Eg har i alle fall tenkt å legge meg ut på solsenga og slikke litt sol; med madrass, dyne og teppe plar det gå bra. Ville nok mykje heller gått tur, men gikk litt for langt sist eg var ute, så eg treng rekreasjon.Nysnøen kom i går kveld, og sist natt fraus det på.
Vanligvis handlar vi ikkje mat om laurdagane, for då er det så fullt av tilreisande på Amfi, men i dag måtte vi berre. Blomster skulle eg ikkje kjøpe, men stoppa opp litt for å nyte alle dei fine fargane. Der var også eit bord med "konfirmasjonspynt"; tenkte kanskje nokon av blogglesarane trengde inspirasjon? Det er ingen konfirmantar i nær familie i år, eller tek eg feil? I dag er det fødselsdagen til farmora mi som budde på Hildegard. Ho vart fødd i 1878 i Sarpsborg, men familien flytta seinare til Kristiania, som det heitte den gongen. Ho brukte alltid å få sviblar på dagen sin, for før var blomster meir sesongbetont enn no.

5 kommentarer:

solveig sa...

Mykje fint - og fint presentert både av blomsterbutikken og fotografen!

Hildegard sa...

Svein vil minne deg på at Hilda Marie Olsen Strøm ikkje var fødd i Kristiania, men i Sarpsborg iflg. gamle kyrkjebøker. Også systra, Hanna Charlotte, var fødd i Sarpsborg. Far deira, Ludvik Olsen, var frå Sarpsborg. Han og kona, Ellen f. Eriksen frå Skjeberg ved Sarpsborg, flytta seinare til Oslo.

Besta sa...

Ja, når du seier det så hugsar eg det, men det har liksom ikkje gått heilt inn. Skal rette det. Fint at de føl med så det kan bli rett for ettertida.

Hildegard sa...

Det kjem nok ein fyldig oversikt over Hilda-slekta også frå slektsforskaren vår. Han er snart i boks med Olaus-slekta (som var den han kjende minst til). Håper det gjekk bra med solbadet i går. Som du veit er eg litt pysjete og redd for gikt så tidleg på året.

Besta sa...

Det gikk fint både med solbadet og spaserturen til butikken i går kveld. Men når eg ligg ute vår og haust har eg tjukke pledd + dundyne. Risikerer ikkje å fryse.
I alle desse åra eg har vore skrøpelig er det denne måten eg har kunna vore ute-for det meste.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...