søndag, mars 20, 2011
Vermelding 20.mars 2011
Klokka er15.00. Temperaturen er + 7 grader C, det blæs litt,og det har så vidt begynt å regne. Vi får håpe at veret set fart i snøsmeltinga. Då snøen kom 20.oktober, stod plommetrea med grønt lauv og ingen ting i hagen var rydda til vinteren. Så det blir vel litt av eit styr å få alt i orden når det endelig blir bert ein gong.
I dag har eg baka litt f.m. og rydda i skuffer og skap langs med. Nils gikk tur, men då han kom att, laga han middag. I dag vart det fiskekaker frå frysaren; sidan vi ventar middagsgjestar i morgon blir det betre mat då.
Nils har på TV-en med sport, mens eg les lydbok. Kvar si interesse.Ganske sløvt her i dag altså.
I dag gratulerer vi Ivar i Innvik med 73-årsdagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 24.april
Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Eg har retta norskstilar og engelsktekstar - og laga middag, så no skal eg kose meg med ein kopp kaffi. Kom på at du ville lese "En slags fred". Journalisten skal visst ikkje innover i morgon, men på Aafk for VG.
Eg har rikelig med lesestoff, så syt ikkje for meg.Dessutan har eg ein full MP 3 spelar, mest med tanke på deg+ eit par bøker som eg ikkje fikk plass til.Kanskje er det på tide du tek ein Ørstatur snart?
Legg inn en kommentar