mandag, mars 28, 2011

Vermelding 28.mars 2011


Klokka har passert 15.00. Ute snør det, som vanlig, og temperaturen er +3 grader C. Som de ser av bildet, fristar det ikkje å legge seg ut på solsenga.
Vil takke for alle som har sendt meldingar på mail, FB, blogg og sms-kjekt å bli gratulert!
Vi hadde ingen spesielle planar for dagen i dag, og eg har ikkje laga til selskap. Det har vore så mange matgilde i det siste at vi måtte ha ein pause. Men om nokon skulle ha lyst å stikke innom, er dei hjertelig velkomne, ein kopp kaffi blir det alltids råd med! Nils og eg tok oss ein tur på Amfi, sette oss i kafeen med ein kaffikopp og fekk snart selskap av fleire hyggelige damer. Eg begynner snart å forstå kvifor folk sit under rulletrappa. Slik veret er for tida er det mange som søker inn i varmen.
Då eg kom heim og sette på laptoppen, såg eg at Wenche Foss var død. Norges siste Primadonna? Ho har vore spesiell, både som skodespelar og medmenneske.Eit engasjert menneske.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Laurdag føremiddag var véret så flott at vi sat på verandaen og naut vårsola, reine påskeveret. Ser at utemøblane dine også er snøa ned.
I natt kjem englandsfararane heim, så då blir det vel stussleg her når Kristine og Mira flytter heim.
Vi hadde kanskje tatt oss ein Ørsta-tur i dag hadde vi vore fri og frank, men får ta det igjen seinare. Vi ønskjer deg ein fin bursdag!

Besta sa...

Eg inviterte ikkje gjestar i dag, og det kom heller ingen ubedde. Men eg headhunta ein nabo til å drikke kaffi i lag med oss.Har liksom ikkje så mykje tiltak i dette veret.

Elin sa...

Gratulerer så mykje med dagen!

Ja, det har vore ein del milepælar i det siste, først Elizabeth Taylor, og no Wenche Foss. Dei var to engasjerte damer.

Besta sa...

Eg kjem i alle fall til å hugse dødsdagen til WF.

Dagbok 2024: 20.april

  Under over alle under, eg fekk til å legge ut bilda eg tok i dag føremiddag, eg trudde det aldri ville skje- Det verste er at når eg endel...