søndag, mars 27, 2011

Vermelding 27.mars 2011

Klokka er 11.00-sommartid. Vakna tidlig i dag, full av gikt og elende.Ute snøa det verre enn nokon gong, har sjeldan sett så store snøflukser, det er vel typisk vår? Temperaturen er +2 grader og Nils er i gang med å moke tunet, han har fått bra med mosjon denne vinteren! Akkurat no er det litt lysare ute, og det er meldt mildver på sikt. Eg hadde diverse planar for dagen, men trur ikkje det blir så mykje med meg viss eg ikkje kjem meg av verkinga.Har heldigvis ei spennande bok å ty til.

4 kommentarer:

solveig sa...

Her trengs det ikkje moking i dag. Håper du kjem deg ut over dagen!

Besta sa...

det var nok mest gikt,heldigvis, er mykje betre no.

Hildegard sa...

Merkeleg korleis kroppen reagerer på vérskifte, men dette veret verkar også inn på humøret. Godt å ha ei god bok å drøyme seg vekk i. Eg fekk også positivt "påfyll" av ei flott forestilling i operahuset, West Side Story" med berre amatørar på scena, elevar ved Vidareg Skule og proff operaorkester. Utruleg bra. Audny, Helene, Hilde, Elin og eg hadde oss ei fin oppleving.

Besta sa...

Ja, eg kjenner at veret slit på humøret mitt.Hugs på det at her har vi ikkje sett berr mark sidan 20.oktober Kunne gjort mykje inne, men har ikkje guts til det heller. Treng energigivande SOL.
Vi var på framsyninga til Volda vidaregåande, veit du, heilt utrulig kva dei unge får til.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...