mandag, mars 21, 2011

Vermelding 21.mars 2011


Klokka er snart 13.00. Ute er det overskya, lett regn, litt skodde og temperaturen er+8 grader C.Meir trøsteslaust kan veret neppe vere, men vi er takksame for alt som gjer at snøen smeltar.Nils har tatt seg ein tur opp i garasjen til naboen; dei som har ørneblikk kan kanskje sjå eit kvitt hovud.De kan for øvig også legge merke til blodbøka som enno ikkje har slept fjordårslauvet.
Eg har styrt litt på kjøkkenet, vaska litt, rydda og laga mat. I dag kjem Margrete og ungane til middag, det er fast annankvar mandag, for då er begge jentene på ballettøving her i Ørsta. I dag blir det tradisjonell mat, som vanlig. Vi skal ha svinesteik og kjøttkaker (ferdigkjøpte) med brun saus.Når eg lagar sausen heilt frå børjan,dvs. brunar smør og mjøl i mange timar,blir den veldig god om eg skal seie det sjølv.Særlig ungane er glade i saus. Så lenge ein er yrkesaktiv blir det ikkje til at ein lagar så mykje mat på denne langsomme måten, derfor synest eg det er kjekt å gjere det no når eg har god tid.
I går vart eg sittande med datatrøbbel, og litt styr har det vore i dag også. Fekk melding frå ei veninne om at eg sende ut spam, så eg måtte byte passord på FB. Eg gjorde det, og alt var i orden.Men på ein eller annan måte rota det seg til, så eg vart sittande å byte passord ut i eningen. Til slutt fann eg ut av det. Men i dag då eg skulle legge bilde inn på bloggen, fikk eg problem igjen.No er det i orden.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Herleg med god heimelaga brun saus.
Når du skriv om bruning av saus, tenkjer eg på kokk farmor Amanda når ho laga bruning på den store el. steikepanna på sjukehus-kjøkkenet på 60-talet. Ho laga for fleire dagar og lagra det på kjølerommet.

Besta sa...

Vi har ikkje så ofte brun saus, og eg skal innrømme at det som oftast har blitt ferdigsaus med noko attåt(oppi)-eller ferdigkjøpt bruning. Den tid vi var stor familie, brukte eg ofte å brune ein stor porsjon i gongen, og ha bruninga i kjøleskapet. Akkurat som mamma gjorde.Eg hugsar då dei fekk den steikepanna på sjukehuskjøkkenet.
Eg hugsar også den tida dei fyrte med kol på kjøkkenet der i ein diger komfyr. Det var ein varm jobb å koke då.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...