lørdag, mars 05, 2011

Bok nr.15 - 2011: Ved elven.

Dette er den andre boka eg har lese av den amerikanske forfattaren John Hart. Den første var Det siste barnet, ei bok som eg likte svært godt. Sjangeren er krim, men ikkje av den platte, overflatiske typen. Det er rettare å seie at bøkene handlar om menneskelige tragediar, om sorg og svik, og om evne til å tilgi og gå vidare.Det er alvorlige og tankevekkande bøker.
Når eg ikkje likte denne boka fullt så godt som den første, trur eg det kjem mykje av at eg har lese så lite samanhengande og såleis mist tråden meir enn ein gong. Som eg har sagt ofte, bøkene blir best når ein får lese dei mest mulig i samanheng.I dag la eg alt anna til side og las dei 2-3 siste platene utan stopp.
Forfattaren skriv godt, og han skildrar miljøet og menneska på ein truverdig måte. Handlinga er lagt til North Carolina, staten der han sjølv har vakse opp. Der er rike jordeigarar, og white trash som bur i usle campingvogner, slik vi har sett i tallause amerikanske filmar.John Hart har fått fleire prisar for bøkene sine. De kan sjølvsagt lese meir både om boka og forfattaren på nettet. Sjølv har eg valt å ikkje vite for mykje på førehand, men slår heller opp når boka er ferdig lesen.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Det har vore reklamert mykje for denne boka på TV i det siste, og eg har fått lyst til å lese den. North Carolina har vi eit forhold til, sidan vi var der i 2008 og såg det du beskriv. Men tvilar på at dei har boka på biblioteket her. Skal sjekke.....

Besta sa...

Såg den var utstilt på Totlands bokhandel-papirutgåva.Eg likar betre å lese bøker der brotsberk blir framstilt som tragiske og triste, enn bøker som er av typen skurkar og heltar. Men som sagt likte eg best Det siste barnet.Har lese mange bøker der handlinga er lagt til Carolina-statane.

solveig sa...

Ei bok for meg. Einar henta oss og for, elles skulle du fått att MP3-en.

Besta sa...

Boka ligg på maskina, så det er fort gjort å få den over på MP3-en når de kjem innom.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...