mandag, mars 07, 2011
Vermelding 7.mars 2011
Klokka er no 12.00. Det er + 4 grader C og regn ute.Nysnøen er blitt til slaps og det er skikkelig vått og ufyselig .Dette veret likar eg ikkje. På ein eller annan måte må snøen forsvinne i år også, men her på Vallabøen går det treigt. Der som vinden får tak, smeltar det mykje fortare.
I dag ventar vi middagsbesøk.Margrete og ungane kjem, og det gjer Einar også. Eg likar betre å lage mat til mange enn til berre to ! Elles er det ikkje så mykje som skjer i dag. Nils var ein snartur på butikken og så flyttar han på litt snø. Så er vinterferien slutt for alle i familien, og dei er på plass heime. Her var dei rimelig heldige med veret.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Her har det regna i dag!
Legg inn en kommentar