søndag, mars 30, 2025

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei veke sidan.

Klokka er no17.30, temperaturen ute er +10 grader, og eg ser at plenen blir grønare for kvar dag.

I dag stod eg opp til sommartid, det vil seie litt tidlegare enn vanleg. Etter å har ete og sett tV etc. sovna eg i stolen. Men då eg vakna igjen var eg frisk og rask og så blei det ein runde på Vernet- Eg veit eigentleg ikkje så nøye  kva eg har gjort i dag. Eg har i alle fall ete rikeleg med mat som var att frå selskapet. Ja, og så har eg jobba med spansken, det er ikkje så mykje, men det tek tid. Det er heldigvis berre 2 gongar til, så er det ferie.

Eg håper så inderleg at eg greier hagearbeidet i år også, for eg likar så godt å halde på ute. Og det er ingen ting som kan stoppe meg- utan ryggen. Den er ikkje god. Legen sende meg på MR og der ser dei korleis det står til, men dei vil ikkje operere gamle folk i ryggen, for det kan like godt gjere det verre, så slik er det. Men det er no mykje eg kan gjere utan å belaste ryggen så mykje. Og så brukar eg å ha stolar rundt omkring slik at eg kan sette meg ned.

Det var kjekt å ta ein runde på Vernet i dag også, men der var ikkje mykje folk i dag, slik det ofte er om sundagane.

Som sagt så kom sola inn for ei lita stund sidan. Eg håper det blir fint i morgon også, for no trengst det at eg fer fram på grava og steller til og kanskje plantar litt. Det er så greitt at dei har plantar på KIWI for der køyrer eg rett forbi når eg skal på gravplassen. Og så få eg vel snart sjå att Einar, han skal kome heim no, han har jobba i NRK i Oslo sidan før jul.

 .                                                                  På Vernet i dag.















 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 2.april

 Klokka er no 18.41, Temperaturen ute er +15 grader C og sola skin som aldri før.Eg er nyss komen heim frå ein tur på Vernet. Eg hadde eigen...