Klokka er no 21.30, temperaturen ute er + 4 grader C og i dag har vi hatt regnbyger. Eg var ein tur på butikken på føremiddagen, og ein tur på Vernet då det gjekk not kveld, elles har eg vore heime. Her har eg gått og putta i meg diverse godsaker frå i går og så bad eg Marit ned til kaffi. Det einaste fornuftige eg har gjort er at eg begynte på spanskleksa til onsdag, og då var det godt å ha ein printer som var i orden.
Eg har vore veldig misnøgd med Stjernekamp til denne tid, men i kveld syntest eg det var litt kjekt. Eg er litt svak for KIM, eg har sett mykje på det han har gjort i demens-kora rundt omkring, Så no heiar eg på han. Forresten song han heilt nydeleg i kveld -på portugisisk. Eg hugsar songen frå MGP-den var fin der også.
Eg har ikkje kome i gang med strikking enno, men det er mange timar att til eg skal legge meg. Det er vel i kveld vi skal stille klokka 1 time fram-det gler eg meg til for då får eg stå tidlegare opp.
Det var godt å komme seg ut og gå tur igjen, det høyrer liksom med. For ei veke sidan hadde vi stråland ver både laurdag og sundag-det var varmt til og med. No begynner dei å blomstre dei små blå på plenen opp mot gata, det plar vere noko som folk ser på når dei går her forbi. Eg har aldri planta dei og eg aner ikkje kvar dei kjem frå.
No skal eg sette meg inn og strikke litt-og kanskje set eg på musikk frå You Tube. Det gjer eg ofte.
Det er vel litt seint å seie GOD HELG, men eg gjer det likevel det er no eigentleg søndagen som er helg--
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar