mandag, september 17, 2012

Vêrmelding 17.september - 2012

Klokka har passert halv åtte, ute er det ganske skymt. Det er overskya og regn, slik det har vore heile dagen.  Men somme tider har det vore bygeløye og vi har så vidt sett sola.Temperaturen er no + 8 grader C
I dag har vi vore til Stårheim i gravferd. Det er sjølvsagt trist når ein mann som ikkje har fylt 69 år går bort, men det var ei fin stund i kyrkja, trass alt. Organisten(Cupper) hadde hjelp av ei dame med trompet(Cecilie Aalberg) og dei spela vakker musikk, både før sjølve seremonien og under. Ei anna dame (Marita Bødal) song to songar solo. "You Raise Me Up" har eg sjeldan høyrt så vakkert sunge. Då dei bar kista ut spela dei  "Bridge Over Troubled Water" på orgel og trompet. Det var gripande vakkert.
Det vart sagt mange vakre ord om den døde, og eg meiner at kvart ord var sant. Vi fekk også høyre om alt han hadde utretta i sitt "unge" liv, og det var ikkje lite. Han kjem til å bli sakna av mange. RIP.
Trass regnet hadde vi ein fin tur over Stigedalen. På Tua var sola så vidt framme og eg har aldri sett vatnet så stort før.Nydelig! Det viser at vi har hatt nok regn. Likeins var det i andre vatn og elvar. Og eg såg så mange fine motiv. Dessverre hadde eg lagt att fotoapparatet heime.Typisk.
Vi nådde 14.45 -ferja på Folkestad, og reiste heim og laga ferdig middagen til Margrete og ungane-ja, til oss sjølve også! Menyen i dag var oppvarma fårikål og kjøttkaker i brun saus. Det meste var ferdig frå før altså.
No er gjestane reiste og maskina tek jobben med å vaske opp.

6 kommentarer:

Elin sa...

Namna til musikarane står på baksida av heftet. Eg trur songarinna er dotter til pastoren. Fin mix av forkynnarar i kyrkja, godt samarbeid. Men du verda kor trist...

Besta sa...

Ja, trist, og særlig for dykk som stod Rasmus nærast, og spm såg han sjukne bort. Vi har ikkje sett han sidan i gravferda til mor di, og då såg han så frisk og glad ut.Det er minnet vi har-og det er fint.
Eg såg namna til "artistane",ja.
I heile daag har eg sunge og spelt på "Bridge over....."-og kan ikkje forstå korleis eg kunne rote meg bort i den andre songen.
Når det gjeld "Bridge over..." kunne ein godt brukt teksten også i den, om ein tenkte seg ein himmelsk songar.
Vi har ein nabo som går på det siste, kona døydde for mindre enn to år sidan, og det er trist å sjå at det går nedover med han. Han er ikkje slekt, men vi har vore nære naboar i snart 40 år. Det er også noko.Og heilt sidan Svein kom i lag med Bodil, har Torvikfolket vore ein del av "familien" vår.De har vore så inkluderande, og vi hadde jo ikkje slekt att på Eid den tida.
Men ei fin gravferd var det, og det er også noko å ta med seg.

Elin sa...

Takk for gode ord. Eg føler no meg som eg er i slekt med dokke. De burde vore med i garden etter gravferda, håpar de fekk tilbodet. Elles så var Hilde og eg einige om at vi skal ha oss ein Ørstatur snart, med god tid i Starevegen. Vekene går så fort, vel to veker, så er det haustferie!

Hildegard sa...

Takk Olaug for fin "oppsummering", skal bruke den i dagboka mi. Du er flink å observere og skrive. Det var ei høgtideleg og vakker gravferd. Far, mor og storebror Rasmus har gått bort i løpet av 5 år, så det er vemodig og trist. Mange gode minner. Kjekt at de kom i kyrkja, enig i at de har vore - og er ein del av familien.
Bodil

Besta sa...

Sidan bloggen min blir lesen av mange utanom slekta, vil eg ikkje vre for personleg, og utelet derfor namn etc. Og derfor skriv eg mest om musikken.Ja, eg fekk tilbodet av Rannveig, men takka nei.Hadde avtale med Margrete og vra elles ikkje budde på det sidan der var så mange andre som stod Rasmus og Rannveig nærmare enn vi.
De er hjertelig velkomne til å besøke oss, men første veka i oktober er Rasmus &Co her, så då står huset på ende.Kom heller ein annan gong.

Cecilie Aalberg sa...

Takk for at eg fekk vere med å spele i begravelsen til Rasmus! Håpar alle likte det!