lørdag, september 15, 2012

Vêrmelding 15.september - 2012

Klokka er ca 15.30. Og ute regnar det, sjølvsagt. Temperaturen er +11 grader. 
At det er vått og grått er ein ting, men det er i slikt vêr eg verker både her og der.Og det er det verste for meg.
I dag starta eg dagen med å ta dei to halvvisne blomsterbukettane og lage ein ny bukett av det som enno var friskt. Blei ikkje så verst?
Så fann vi ut at vi måtte ein tur nedover og ikkje sitte inne heile helga.På Amfi var der mykje folk, som vanlig, og eg tok meg ei runde utan å handle noko særlig. Trefte sjølvsagt folk vi kjende, men vi ville heller gå på kaffibaren enn å sitte under rulletrappa. På kaffibaren var det fullt og vel så det, så vi hamna på "Fru Svendsen", der vi kjøpte oss varm eplepai med is+ kaffi. 
Risengrynsgrauten står og putrar, men vi har  ikkje lyst på den riktig enno. Har ofte laga  graut i det siste, ikkje fordi vi er så kjempeglade i det, men fordi vi kjøper inn for mykje melk. Med diverse spekemat attåt blir det no ein slags middag.
Var ein tur rundt i hagen, der kunne det ha vore kjempefint no, for rosene står i full blomst. Men er det noko som ikkje likarregn, så er det akkurat dei.
Desse rosene er såkalla "bunndekkande" og veldig villige. Bonica heiter dei.
Denne er eg ikkje sikker på kva ho heiter, men den er enda meir bunndekkande og enda villegare, faktisk har ho vakse seg altfor stor der ho står.
Clematisen blomstrar alltid seint på året og skulle no vore på det finaste. Men den ser noko drukna ut.

2 kommentarer:

solveig sa...

Nydelege uteplantar! Eg og liker å ta vare på halve bukettar, anten ved å finne noko i hagen, eller gjere dei mindre...

Besta sa...

Eg hadde to halve, men trur ikkje den "nye" buketten kjem til å stå særlig lenge.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...