Klokka er 18.00. Temperaturen er + 12 grader C. Før i dag var det sol, men no har det skya over.Opphaldsvêr er det enno.
Eg starta arbeidsdagen med å lage ein stor porsjon kjøttkaker til frysaren. Kjekt å ha. Elles har eg fått pussa vindua utvendig, og gjort diverse anna husarbeid. No på ettermiddagen har eg skrive møtereferat og ordna med diverse pspirarbeid. No skal eg stryke nokre klede før eg tek kvelden- trur eg.
Blomstrane over heiter "Nøgen jomfru", meiner eg. Blada kjem tildlig om våren og står heile sommaren, først om hausten kjem blomstrane. Eg brukar å klippe vekk blada, og som de ser kjem blomstrane likevel.
Nils har drive og flytta på ved, så no fekk han sett båtvogna oppom garasjen der vedsekkane låg. Ja, arbeidslause blir vi ikkje med det første - og godt er det.
Eg veit at mange utflytta ørstingar les bloggen min. Det hadde vore kjekt å høyre frå dykk også. Om de ikkje er på blogg, kan de kanskje sende nokre ord på mail?
Adressa er: olaug-tr@frisurf.no
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Eg og har nokre nøgne jomfruer ein stad. Vi får sjå om det vert hagebilde i morgon.
Legg inn en kommentar