tirsdag, september 18, 2018

Dagbok 2018: 18.september



Klokka er 19.00, temperaturen ca. +20 grader, dobbelt så varmt som vanleg, med andre ord. I dag har det faktisk vore opplett, mildt og fint å vere ute, særleg då det leid på dag.
Snikkaren var på plass før eg var oppe, og i dag har han jobba full dag. Det var eit plundrete arbeid han hadde i dag, med skøyting og utfylling med småbitar over vinduet. Når han ikkje har rive ned heile veggen kjem det av at varmepumpa er i vegen. Dessutan var ikkje fjølene rotne i det heile tatt. Eg reknar med at han no er klar til å begynne på rekkverket. Han gjer fint arbeid.
Eg gjekk berre rundt og surra før middag, rydda litt her og der og vasa rundt. Rydda vekk litt klede, som eg fylte opp i ein sekk, og noko meir rusk som skal i bosset. Ringde til Ellen Marie som hadde 80-årsdag den 16.-ho var i fin form og hadde hatt ein kjekk dag. Vi prata lenge om laust og fast. 
Så fann eg på å lage middag til berre meg sjølv i dag; det gjer eg sjeldan, men eg fann to laksebitar i kjøkkenfrysaren, og dei ville eg ha vekk. Det blei steikt laks med spagetti- ikkje ein favoritt-rett men godt etande. Det verste var at eg måtte legge meg på sofaen etterpå, med lydboka mi. Eg vart altfor mett.
Men etter kvart gjekk det opp for meg at det var veldig fint og varmt ute, og eg høyrde surret av grasklipperar. Då gjekk eg ut! Først tok eg kantklipparen og klipte nede i bakken der rota stod før, så tok eg kompostkverna og mol opp nokre greiner eg hadde liggande, laga til ein bossekk med hageavfall etc. Og så klipte eg plenen nedanfor huset og innfor huset. Etterpå vart eg ståande oppe i vegen og prata med Marit, og så kom det ei dame til. Slik er det: Når godvêret kjem, dukkar naboane fram.
I morgon klokka 11 skal Marit og eg nedover og ha med klede til Fretex, og så skal vi handle mat. Har ikkje vore heilt god i kneet dei siste par dagane, no håper eg at det hjelpte med grasklipping.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...