torsdag, september 13, 2018

Dagbok 2018: 13.september


 Tusvik, Sykkylven. Utsyn over Storfjorden.

Klokka er 18.00, temperaturen + 9 grader C og det har regna meir og mindre i heile dag. Ja," etter den søte kløe, kjem den sure svie " seier eit gammalt ordtak. Sommaren kom tidleg, var og fin, folk snakka om at det aldri før hadde vore ein slik sommar. Men så snart vi kom bort i august var det slutt-då kom hauseten, og det var altfor tidleg ! Men NO må vi snart få ein "Indian summer" såpass vi får rydde opp før vinteren. Vekene går fort.
I dag har eg tenkt på det, at hadde eg vore skikkeleg rik skulle, eg ha kjøpt meg ein mann. Ikkje ein ektemann, men ein "handyman". No har eg stort sett eit lite kobbel med handymen gåande her, men så skjer det ting heile tida som eg ikkje klarer å ordne opp i sjølv -  og akkurat då er der ingen handyman å sjå. Eg har budd lenge åleine no, utan at det skjedde så mykje gale, men så er det brått så mykje som skjer. I dag til dømes, stod lyset på badet og blinka. Eg prøvde å ta ut lysrøret, så eg skulle få kjøpt eit nytt, men ikkje eingong det greidde eg. Dette er eit veldig LITE problem, men eg blir irritert på meg sjølv når det er slikt eg ikkje greier åleine. Eg kjem nok til å prøve igjen.
Eg plar stå opp relativt tidleg kvar morgon, så eg skal vere oppe før snikkaren kjem. I dag stod eg opp ekstra tidleg, ville låse opp døra og legge meg att, men så hadde ikkje døra vore låst i natt! Akkurat det plar eg ikkje gløyme, sjølv om eg gløymer mykje.
I dag føremiddag la eg ikkje opp til noko storarbeid, eg skulle ned og vere barnevakt frå 12.45 og før det skulle eg innom Eli og betale for turen. Og eg går ikkje fort. Eg har problem med å gå, særleg nedover, men eg tek tida til hjelp. Men eg kom på rådhuset i god tid før mora kom med veslejenta. To månader gammal er ho, og har ei søster på 2 år og ei på 5år. Mens eg venta kom ei ung dame eg kjenner, ho bur ytst i Starevegen/Storebakken og har vore eleven min. Vi hadde ein koseleg prat. Eg trefte mange kjende både politikarar og slike som jobbar på rådhuset. 
Eg blei stasjonert med ein sovande baby i vogn, i kantina, der det var ei hyggeleg dame som spanderte kaffi. Eg hadde lydbok og babyen sov, så det var ein enkel jobb. Eg visste at dei skulle ha pause klokka 15.30, så eg tenkte eg skulle sleppe å kontakte mora før den tid. Det gjekk - nesten. Jenta sov og sov, og kvar gong ho viste teikn på å vakne, berre byssa eg litt på vogna. Til slutt vakna ho skikkelig og då ville ho ha mat. Eg bar rundt på henne ei stund , men 15.15 var det slutt på tolmodet og mora måtte kome. Slik var avtalen. Eg venta ei stund og fekk snakke med eit par kommunestyre - representantar som eg kjenner. Eg fekk faktisk eit tilbod i dag om å ta over som vararepresentant i eldrerådet, eit verv som Nils hadde. Eg takka nei, men Kirsti Hansejordet sa ja. 
Sidan eg først var i Vik tok eg ein tur på Amfi, men kjøpte berre lyspærer og litt mat. Heime att prøvde eg ut nye "snarvegar". Eg gjekk mykje i Vik sist vinter og fann stadig nye råser. I dag gjekk eg oppover langs Vikelva heilt opp til Vikemarka skule, der var det stengt. Stengt var det også i Storebakken. Dei driv og skyt til langt på kveld. Vikelva var heilt brun av mold og sand, trur det fer mykje heilt ut i sjøen av det som dei grev opp.
Då eg kom heim , måtte eg ha meg eit skikkeleg måltid. Klokka var 17.00 og eg hadde ikkje ete sidan frokost. Dette vart mykje om nesten ingen ting, men for meg er det ei oppleving kvar gong eg er ute og treffer folk, høyrer og ser noko nytt, og kan ta den tida eg treng. Eg har forresten sagt ja til å vere med på Haustkonferansen i Ulsteinvik i år. Det er i samband med Pensjonistlaget.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...