fredag, januar 18, 2008

Vinteren 1994.

I dag er det 14 år sidan Håkon vart fødd, og vi gratulerer barnebarnet med dagen!
Vinteren 1994 var spesiell på mange måtar. Det eg hugsar best er sjølvsagt den dagen eg fekk telefon frå Øystein om at dei hadde fått son nummer tre.
Rundt nyttår var det veldig kaldt og røra på Velle skule fraus og sprakk. Det vart store vass-skader på skulen og mykje ekstra arbeid for alle. Medan skulen vart sett i stand att, flytta Endre, ein kollega, og eg med klassene våre inn i klubbhuset til Ørsta Idrettslag.
Rett ovafor klubbhuset ligg grusbana til fotballaget og den vart brøyta. Snøen vart lagt i høge dungar rundt bana og elevane hadde det heilt hivens i friminutta. Seinare vart det mildver og frost igjen med is over heile bana. Ikkje så dumt det heller.
Mens vi heldt til i klubbhuset var det OL på Lillehammer, der maskotane var Kristin og Håkon. Mange gutar fekk namnet Håkon det året!
Eg er sikker på at mange barn, ja, vaksne og, kunne tenkje seg litt skikkelig vinter med masse snø?

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å lese om "gamle dagar" på bloggen din. Hugsar godt sjukehus-kjøkkenet frå 1963 då eg hadde sommarjobb der. I dag har vi feira Øyvind 15 år på Golvsengane. Alle barnebarna våre var der m/fl. Nydeleg heimelaga pizza, kvæfjordkake, eplekake, sjokoladekake m.v.
Eidabesta