onsdag, januar 16, 2008

Pensjonisttreff.


Kvart år i januar blir pensjonistane inviterte til ei kosestund på Velle skule, den gamle arbeidsplassen vår. Det er dei eldste lærarane ved skulen som arrangerer.Den eldste av pensjonistane er 85 år; eg ein ein av dei yngste i det laget.Men om mange er begynt å bli gamle, så er det berre utanpå. Elles er vi unge til sinns og klåre i hovudet. Vi har det kjekt i lag, og viss de trur vi sit berre og mimrar og snakkar sjukdom, så er det feil! Vi diskuterer også ting i tida, ikkje minst skulepolitikk! Og så må vi oppdatere oss på barn og barnebarn, så vi har litt å bryne oss på.Mange av oss har jobba i lag i nærmare 20 år.
På bildet ser de songheftet som låg ved kvar kuvert; rosa var litt friskare i går. Dei legg mykje arbeid og omtanke i å ta imot gamle arbeidskameratar. Menyen var karbonadesmørbrød+ kaker og dessertar. Alt var godt og fint tillaga.
Trur ikkje at det er så mange andre skular som har så fine pensjonistfestar som Velle!!! Sjå og lær !!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Dette verkar kjekt! Er heile kollegiet med på festen, eller er det berre dei pensjonerte pluss dei eldste lærarane som arrangerer den?

Anonym sa...

Gløymde å signere med Hilde

Besta sa...

Det er berre dei eldste lærarane som er med, dsv. dei som har jobba i lag med pensjonistane før.
Eg har jo jobba i lag med dei litt yngre også- vi er tre litt "yngre" pensjonistar.Før brukte vi å invitere pensjonistane til førjulsfest i lag med heile kollegiet, men etter kvart var det så mange som ikkje kjende dei eldste, derfor endra vi konseptet.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...