
fredag, januar 11, 2008
Nytt strikkeprosjekt.
No fann eg ut at tida var inne til å starte på skulegenser til eit av barnebarna, sidan den førre genseren eg hadde tiltenkt han måtte gå til ein yngre fetter.Hadde bestemt meg for å strikke ein relativt enkel genser i Aran-mønster, slik at eg slapp så mykje montering, trådar etc.Fann eit mønster som eg var bra nøgd med. Det er den rosa modellen, men sjølvsagt kjøper eg ikkje rosa til gutar!!!Kjøpte lysegrått melert garn, for aranmønster blir best på lyst garn. Men så måtte eg sjølvsagt kjøpe eit heilt hefte for å få det mønsteret, og der var så mykje fint som eg fekk lyst å strikke. No har eg ikkje så mange "små" lenger, men om nokon andre skulle få lyst, kan eg legge mønsteret inn på bloggen.

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...



2 kommentarer:
Ja, du har heilt rett, du mangla! No må du snart ta deg ein laurdagstur til Eid og vere med på strikketreff! Gensaren som du skal strikke, er kjempefin! Eg fekk lyst til å strikke han eg og! Lurer på om eg kanskje har det heftet.....
Viss ikkje, er det ei smal sak å legge mønstra ut på bloggen. Før, då eg var i jobb, brukte eg kopimaskina og forstørra opp slike mønster og merka av omgangane, då vart det lett å følgje med.
Legg inn en kommentar