torsdag, januar 10, 2008

Dagens bokfangst


Eg var så lykkelig over å ha fått tak i ei Stieg Larssonbok. Så viste det seg at den var nummer tre av tre og direkte framhald av nummer to. Har lese på den eit par dagar, men gav opp.
Så i dag leverte eg den inn att, og fann tre som eg ikkje har lese før. Gleder meg enormt til å lese Kollektivt selvmord. Det er same forfattaren som Harens år. Finsk humor er berre heilt topp. Humor på grensa til det tragiske!!

4 kommentarer:

arieldog sa...

Eg har lese den første Larsson-boka, og står no på venteliste for å få lese dei to siste.

Besta sa...

Har du levert tilbake nr. 1?Viss ikkje kan du ta den med til meg?

arieldog sa...

Lånte den med ei venninne i haust, så eg har den ikkje lenger...

Besta sa...

Eg storkosar meg med Kollektivt selvmord. Har lese eit par bokmeldingar, og det ser ut som meldarane er samd med meg:"Hylende morsom!!!!"
Har de ikkje lese Arto Paasilinna før, så prøv!!!!

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...