onsdag, januar 09, 2008

Tulipanar er favorittblomstrane mine.


Ordet tulipan skal visstnok tyde turban, og det høyrest rimelig ut når ein ser forma på blomsten. Frå gammalt av vart tulipanen rekna som kjærleikens blomst.De trudde kanskje det var rosene? Men nei, det er tulipanen. For øvrig er roser også ålreite blomster !!
Det er masse avskorne tulipanar å få kjøpt, men det er ikkje det same som dei som veks ute i hagen!! Eg brukar sjelden å plukke dei inn. Dei er finast der dei står.

3 kommentarer:

solveig sa...

Tulipanar er flott om våren. Sjølv er eg glad i Primula også, artig å sjå om ein får dei til å overleve så lenge at ein kan flytte dei ut. Eg har kome i identitetskrise her. Einar sitt namn og adresse har kome på min blogg.....(Jeff)

arieldog sa...

Tulipanar er min favoritt òg; særleg når dei er berre halvvegs utsprotne og skikkeleg knitrande i lyden når ein held ein bukett

Besta sa...

Ja, dei er absolutt finast når dei ikkje sprett heilt ut. Det er ein av grunnane til at eg let dei stå i fred ute.Sist sommar grov vi opp alle løkane i hagen, og sette dei ned att om hausten. Spent på korleis det ser ut når våren kjem.

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...