lørdag, januar 26, 2008

Ny datamskin i dag

Den gamle maskina gav opp i går, og vi kjende oss heilt fråkopla verda. I dag har vi kjøpt ny, og Harald har vore her og hjelpt oss å installere. Ruth var her også. Litt hjelp måtte eg ha frå Kongsberg etterpå. No funkar det meste, men eg har enda eit par jobbar att: å installere for bilde og scanner for eksempel.
Dessutan har eg mist mykje. Alle e-postadressene er vekk, og mange bilde ligg att på den gamle harddisken. Håper Rasmus kan berge noko av det.
Fint om de sender e-postar slik at eg får adressene dykkar inn på maskina.
Messenger har eg ikkje lagt inn enno.
Maskina heiterPackhard Bell IMEDIA9218.
Vi har også kjøpt ny skjerm, flatskjerm. Den er større og finare enn den vi hadde før.
Tastaturet er mindre enn det vi hadde (det var nesten nytt),så det blir vel ein del feiltasting til å begynne med. Går nok ei tid før eg får sett meg inn i alt.
God helg.

6 kommentarer:

solveig sa...

Gratulerer! Tenkte meg det gjekk den vegen....

Besta sa...

Strevar framleis med begynnervanskar.Logga meg inn på Messenger, då miste eg startsida som opningsside- og kjem meg ikkje inn på Messenger ........Hadde tasteskrekk i ca 5 minutt, synd den ikkje varte litt lenger.Vi må få det nye telefonnummeret til Håkon.

Elin sa...

Gratulerer med ny maskin. Det var no vel ikkje trojanaren som utløyste krakket? Eg har sjølv vore d...nervøs denne veka pga. denne varsla hesten, fordi det har gått så treigt med nettet, men eg vonar det har med Sondre å gjere i staden!
Ha ein fin søndag!

Anonym sa...

Gratulerer med ny maskin! Her på Eid får ein kjøpt Opal hos "En rød tråd". Den butikken ligg i gamle Moengården i gata (der gardinbutikken var i gamle dagar). Har du tenkt deg til Eid snart?
Hilde

Anonym sa...

Viss ikkje du har tenkt deg til Eid, kan eg alltids sende med Ole.
H.

Besta sa...

Skal sjå form og føreforhold an, har no lenge TENKT meg ein tur, kva tid det blir er noko anna.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...