Klokka er snart 16, det er regn og grått, men temperaturen er bra-+18 grader C.
I dag skulle Nils stå på SV-stand, så han måtte nedover til klokka 10.30. Eg vart att heime, rydda i huset, las litt og strikka, las og skreiv mailar etc.etc. Nils henta meg klokka 13.30 såpass eg nådde biblioteket og sikra meg Karin Fossum si siste til helga. Så handla eg litt garn til lesteprosjektet mitt, var ned og helste på "standfolka", før eg gjekk ned på Amfi, der eg trefte fleire som eg kjende. Då Nils kom etter, gikk vi på Bulduks tyrkiske restaurant og åt middag. Der får vi god mat og rikelig. I dag spanderte dei gratis kaffi også. Hadde ikkje med fotoapparat i dag, men vi åt samme retten som eg har lagt ut bilde av før. Sikkert ikkje det mest spennande dei lagar, men vi vel ikkje det dyraste for å seie det slik. Leigebilen funkar bra, så vi har inga naud.Elles ser de at den gule rosa står veldig fin no. Aberet med gule rose generelt er at dei blaknar etter kvart, dei er finast med det same dei sprett ut.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar