Klokka er 22.40, temperaturen ca +13 grader C og det er opplett. Trudde veret skulle bli strålande i dag; det var ganske mykje sol f.m. - etterkvart vart det meir skyer, men ikkje regn.
Rasmus og Nils har jobba med den gjenstridige fururota i heile dag også. Vi andre har no pusla med vårt. Eg gikk ein ganske lang (for meg) tur med Ingar og Vebjørn, og så var Nils og eg innom nærbutikken ein tur. Wenche plukka stikkelsbær som ho og eg renska, og elles har vi gått her og pusla.
Middagen i dag var lettvint:"Hjemmelaget" pizza Grandiosa, med salat og dressing.
Fekk melding frå Margrete i 21-tida, ho og Ingeborg var komne på ferjeleiet etter å a vore ei veke i Tyrkia. Trur dei hadde fått temperatursjokk etter heimkomsten. Det blir nok mange som sparer til sydentur neste sommar etter at sommaren har vore fråverande her dei to siste åra. Minst.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar