søndag, august 28, 2011

Sylta makrell/ sild

Sidan Nils kom heim med så mykje makrell i kveld, fekk eg koke ferdig middagen til i morgon. Då skal vi nemlig ha kald, kokt makrell med rømme og agurksalat. Eg kokar makrellen etter oppskrift frå boka "Fjordamat"-og det blir kjempegodt. 
Ein kan også lage til "fjordsild" på same måten, det er nesten enda betre, men sjeldnare å få tak i. 
Oppskrifta er med koppemål, noko som er ein uting, men koppen som eg brukar tek akkurat 2 dl, så det var lett å rekne om. Kor mykje lake ein må lage til, kjem sjølvsagt an på kor mykje fisk ein kokar; i kveld måtte eg gange oppskrifta med 4. Fisken står seg fleire dagar i laken om ein set den kaldt- men server fisken romtemperert.
                                                              
 Oppskrift

4 sild/makrell
1/2 liter vatn
1 dl eddik (7 %)
1 ss sukker
3/4 ss salt
1ts heil pepar
2 laurbærblad
I oppskrifta som stod i boka var fisken kokt i filetar, derfor er det berekna så lite kokevatn. Men det vanlege er å skjere fisken i stykke, slik ein plar gjere.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg liker makrellen best slik. Ein her i huset var skeptisk - før han fekk smake det!

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...