torsdag, september 30, 2010

Vermelding 30. september 2010


 Klokka er no 16.30, temperaturen +11-12 grader C, og veret er strålande. Før middag var eg inne og støvsuga og gjorde anna husarbeid. Til middag steikte eg sei, og etter middagen har eg lege på altanen og lese i lydboka mi. Det er eit alternativ til å gå tur i fjell og hei, noko som eg altså ikkje kan. Men det er i alle fall herlig å få vere ute i sola-varmt er det også.
Når eg står på altanen  vår, kan eg sjå bort på Melle, eller Melsbygda, der vi budde dei første fem åra i Ørsta. Der er sola no borte lange stunder kvar dag, og snart forsvinn ho heilt. Det er godt å bu på solsida, sjølv om vi ikkje akkurat er fødde her. Sola er ikkje vekke meir enn ca 3 veker før og etter solsnu her vi bur no.Inne i huset vert det knallvarmt slike dagar utan at vi fyrer.
Posted by Picasa

1 kommentar:

solveig sa...

Dei 5 åra på Melle gjorde i alle fall at eg ville bygge på solsida her sjølv om tomtenne den tida var dobbelt så dyre ...
Vi har sol heile året.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...