Sidan det stort sett er far som må stelle hagen, har storleiken på bedda blitt redusert. Han kan ikkje rekke over alt.Før løkplantane er avblomstra, får vi ikkje rydda så mykje uansett.
Dette er det eg fann på hagevandringa i dag i tillegg til primula:Scilla under skjærsminbuska, små tidlegtulipanar og små påskeliljer av typen ein kjøper i potter. Det er vel desse tidlegblomstrane som blir sett aller mest pris på?
2 kommentarer:
Tidleg vår i Starevegen, ser eg. Vi bur på skuggesida, så her er det seint.
Du har litt av kvart å nyte på di hagevandring. Tidlegare vår i solhellingane. Vi var på hytta søndag/måndag, køyrde sørsida utover og nordsida heim att. Fin tur, ofte vakkert ved havet rundt påsketider.
Eidabesta
Legg inn en kommentar