lørdag, desember 01, 2012

Vêrmelding 01. 12. 2012


Klokka har passert 19.00. Det har vore fint og kaldt i dag også. Sola har skine på fjella men ikkje her nede hos oss. Temperaturen ute er no minus 7 grader C. Kan ikkje seie at eg er så glad i berrfrost og kulde, men vi har det varmt og godt inne.
I dag følte Nils seg så bra at vi kunne ta ein tur ned til Vik. Han blei verande på Amfi, mens eg tok ein tur opp i gata. Skulle kike inn på Gåvebuda etter ein Ekelund-juleløpar til meg sjølv. Der var mange fine, 120 cm og 160 cm lange. Eg kunne tenkt meg ein enda kortare, men kjøpte ein på 120 cm. Sidan eg har leita fram att dei gamle, einsfarga gardinene, føler eg behov for å pynte litt med fargar.
Elles er det nesten deprimerande å sjå alle varene som heng rundt omkring, særlig klede. Trur det blir vanskelig å få selt så mykje, når alle veit at det meste kjem på sal før jula er omme.Vi lever i eit overflodssamfunn, der dei fleste har det dei treng og vel så det. Det gjer vel mest inntrykk på oss som har levd ei stund, og som hugsar den tida ein ikkje kunne kjøpe alt ein ville- på dagen.
Husmora her i garden har ikkje vakna opp enno. Har ikkje verken baka eller pussa sølv til jul, og det er tvilsomt om det blir gjort så mykje.Vi har ikkje så mykje selskapeligheit, og vi to treng ikkje all verda.
Skulle hatt lyst og vore på Eid i dag, men Nils var ikkje heilt restituert, og eg kjenner framleis på at eg er litt sår i halsen og kanskje bryggar på ei forkjøling.
Til middag åt vi litt spekemat, poteter og flatbrød, men i morgon skal vi ha skikkelig søndagsmiddag.
No på ettermiddagen har eg høyrt bok og strikka ferdig enda eit par lestar-og lagt opp eit nytt par. Skal strikke opp det garnet eg har kjøpt i hop, men då er det slutt for ei stund, trur eg. Men det er sytalaust å strikke lestar, det går så å seie av seg sjølv, så eg kan lese eller sjå TV langs med.
Håper alle kosar seg utan for mykje stress i adventstida. "Det er mykje å få kjøpt på budå "-som vi seier her.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Strikketreffet vart avlyst, fleire sjuke i "gruppa", men hadde koseleg besøk av dei to døtrene våre. Eg hadde kjøpt nydelege lefser på Valkyrie-messa til kaffien.

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Besta sa...

Hadde hatt lyst og vore der, blant anna for å kjøpe lefser etc. Men det er mange messer her omkring også.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...