søndag, desember 16, 2012

Bok nr. 64 - 2012: Mordet på Woldnes.

Mordet på Woldnes - Jon Michelet
Trur knapt eg har lese krim av Jon Michelet før, i så fall er det lenge sidan. Så eg venta meg litt røff, machokrim, og det fekk eg ikkje. Dette likna meir på Agatha Christie.
Wilhelm Tygesen er pensjonist og har fått ein kreftdiagnose. Han får tilbod om å bu på ein privat pleieheim, mot at han samtidig prøver å oppklare ei mordgåte. Boka er grei nok, men litt tam til å vere krim.
Forfattaren skriv godt, og han kjem av og til med eit lite sleivespark frå venstrefoten, slik ein må vente frå den kanten. Kan ikkje seie at boka gav meg så mykje, men eg ser at den har fått terningkast 5.
Siste kapittelet var vakkert. Det er tydelig at både Michelet og Tygesen dreg på åra. Noko som forundrer meg er at denne farfattaren skriv så mykje om naturen og om dyrking av frukt og grønt. Han har sine sider!
Trur knapt eg har lese krimbøker av Jon Michelet før, i så fall er det i alle fall lenge sidan.
Trur knapt eg har lese krimbøker av Jon Michelet før, i så fall må det vere lenge sidan. Eg venta meg ei nokså tøff macho-bok, men fekk noko heilt anna. Meir a la Agatha Cristie. Wilhelm Tygesen er ikkje heilt friskkkje mykje.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har hatt liggande ei bok av forfattaren, men ikkje kome så langt at eg har lese henne. No har eg gjeve meg i kast med Leif GW Persson.

Besta sa...

Han skriv godt, men eg vart litt lei dei konspirasjonsteoriane hans om Palme -drapet.
Den døende detektiven derimot var topp!