fredag, desember 21, 2012

Vêrmelding 21.12.2012

No er klokka ca 16.45, temperaturen er minus tre grader C og verda står framleis. Sola har snudd og vi går mot lysare tider. Mørketida har heller ikkje vore så dyster i år sidan vi har hatt så fint vêr.Det som er så spesielt i år er at vi ikkje har snø i fjella, når vi ser opp på dei, ser dei ut som om dei er teikna med tusj eller blyant.
Vi var nedover ein tur før middag. I Vik var det minus 10 grader, mens det her oppe var 8 grader.No blir det mildare etter kvart, og neste veke kjem snøen i følge yr.
I dag laga vi steikt svineribbe med rødkål o.a. til middag sidan vi venta Margrete på gaveutvekslingsbesøk.Må no ha litt god mat FØR jul også.Eg har ikkje gjort stort anna i dag enn å lage mat og handle. Margrete reiste nettopp med fullstappa bil.Siste skuledag før ferien var i dag.
Det blir vel ein liten handlerunde i morgon også, nokre ting MÅ ein berre kjøpe i siste liten.No skal eg  slappe av med bok ei stund, og så blir det vel TV og strikketøy. Ha ei god helg -og prøv å la vere å stresse, dei som kan.(Greitt nok for meg som er pensjonist å seie det!)
I dag klokka 11.11 gikk jorda IKKJE under. Og takk for det!

3 kommentarer:

arieldog sa...

Tusen takk for servering og alt som eg fekk fylle bilen med! Eg fekk så vidt plass til tre fulle handlenett med mat og eit par julestjerner, og det var litt av ein jobb å vere inn alt saman. Fann så ut at eg hadde gløymt å kjøpe eit par essensielle ting (kokesjokolade og marshmallows), så det blir ein tur på butikken i morgon òg...

solveig sa...

Her vert det svineribbe i morgon, tenkjer eg. Eg skal berre kjøpe mjølkeprodukt no¨- og litt frukt og ...

Besta sa...

Eg må kjøpe fløte i morgon og nokre småting til, håper vi slepp å handle julafta.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...