onsdag, desember 05, 2012

Vêrmelding 05.12. 2012

Klokka er no 17.30. Ute er det same vêret som vi har hatt lenge no, klårt og kaldt, minus 10 grader C akkurat no. Men vi er så "heldige" at vi har god ved og omn til å brenne den i, så vi slepp å fryse. Brukar varmepumpa også, men den strekk ikkje til.
I dag var eg litt effektiv før middag. Baka ei Toscakake og tre brød før klokka 11.00. Så rydda eg kjøkkenet, etter ei lang telefonsamtale med ei veninne. Då eg vel var ferdig, fann eg ut at eg ville nyte dagslyset, så eg kledde godt på meg og gikk til nærbutikken (Kiwi) for å sjå om dei hadde usalta meierismør og korintar, og jammen hadde dei begge delar. Det må eg ha om eg skal få laga Mor Monsen.
Eg fann fram hua og skjerfet som eg strikka i fjor, men då var det ikkje kaldt nok til at eg fekk brukt det. Eg såg meg ikkje i speilet før eg gikk, då hadde eg sikkert tatt av meg hua. Sidan eg var så godt kledd fraus eg ikkje i det heile tatt, men vart nesten for varm i motbakkane. Det var herlig å vere ute, faktisk. Kulden er ikkje så ekkel no som med det same det vart kaldt, då var det råkaldt.
Etter at eg kom heim har eg lagt i hop klede etc., og lese og strikka litt. No skal Nils til å lage middag, det vart nysteikt brød og kaffi til lunsj i dag. Til sein middag skal vi ha julepølser med poteter og rabbe (kålrabi).Vi har det godt.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at du kom deg ut på tur, det gjer godt på kropp og sjel. Eg MÅ ha lue på meg når det er så kaldt, er rysta over alle som går berrhauda. No snøar det her og tempen er oppe i minus 5 grader, var 11 minusgrader tidlegare i dag.

Besta sa...

Her var det berre minus 10 før i dag, no i kveld litt snø og minus 5grader. Det er ikkje fullt så kaldt her oppe som nede i sentrum.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...