mandag, desember 31, 2012

Vêrmelding 31.12. 2012

Klokka er nesten 15.00, temperaturen er + 4 grader og det er overskya. Ja, det regnar visst litt av og til også. Lyst er det ikkje, trur ikkje det har vore heilt lyst i dag. Men det som kjem frå himmelen som regn, slepp ein å moke og mildveret sparer oss for sprengfyring.
Vi hadde ingen spesielle planar for dagen, men tok oss ein liten tur på Amfi for å kome oss ut dørene ei lita stund. Der treffer vi alltid folk som det er kjekt å slå av ein prat med. No har vi hatt oss ein kaffikopp og litt mat. Tek sikte på sein middag. Nils og eg blir her "åleine"i kveld- og det er heilt OK.
Vi er ikkje så selskapsglade, men trivast med å slappe av og sjå TV.
Så vil eg ønske alle blogglesarane eit GODT NYTTÅR! Og alt godt i året som kjem.

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Godt nytt år til deg og Nils.
Hans og eg blir og toeine på nyttårsafta. Og det synest eg er heilt greitt. Vi har hatt mykje besøk i romjula.
Her er det regn og isete vegar.

Besta sa...

Godt nytt år til deg og Hans også. Det er kjekt å vere "åleine" så lenge ein er to, brukar eg å seie.

Anonym sa...

Vi ynskjer dykk eit godt nyttår og eit godt nytt år.
Helsing oss på Steglet.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...