fredag, desember 28, 2012

Vêrmelding 28.12.2012

Klokka er snart 14.00.Temperaturen ute er + 2 grader C. Vi har hatt eit nydelig vêr hittil i dag, men det varer nok ikkje så lenge, for det har begynt å blåse litt.
Nils måtte moke snø i dag føremiddag, men det var ikkje nok snø til at han tok ut fresaren. Før vi for på handlerunde, ringde eg og og prata litt med Rasmus. Der nede var det fint vintervêr og minus 12 grader.
Det gamle armbandsuret mitt takka for seg før jul, og vi tykte ikkje det var noko å koste reparasjon på, eg har hatt det lenge. Så ærendet vårt i dag var å sjå på ny klokke til meg. Denne gongen ville eg ha stål, sidan eg sjeldan går med gullsmykker. Det enda opp med eit skikkelig sveitser-designur til ca 1300 kr på sal. Opprinnelig var det dyrare. Eg ville ha det så enkelt som mulig og eg fall altså for dette.
Elles var vi ein tur på plantasjen der det var nesten tomt. Kjøpte tre rosa sviblar for 50 kr og ein pakke serviettar. Dermed måtte eg inn på blomsterbutikk i sentrum, der eg fann meg ein kvit orkide og ein raud ildtopp. Eg måtte kaste ut den kvite julestjerna før jul, og så vart det ikkje kjøpt noko, for eg fekk den flotte asaleaen. Den har eg ståande i gangen, for eg veit at den døyr om den kjem inn i varmen.

4 kommentarer:

solveig sa...

Fin klokke! Mi er dag og dato på, noko eg er heilt avhengig av, i alle fall det siste.

Besta sa...

Eg ville helst ha utan dato og sekundvisar, men enda opp med begge.

solveig sa...

Eg skriv datoar kvar dag, og har gjort det til ein vane å sjå på klokka ...

Besta sa...

Eg skriv dato berre på maskina, og der har eg den.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...