onsdag, desember 19, 2012

Vêrmelding 19.12. 2012

Klokka er snart 19.00, vêret er framleis vakkert, og ei halv måne lyser på himmelen. Temperaturen er så vidt under 0 grader C.Eg er litt sint på meg sjølv fordi eg ikkje kjem meg meir ut desse fine dagane. No er vi nettopp komne heim frå ein liten tur på nærbutikken, der vi har bunkra opp med brus etc. - slikt som ein ikkje treng kjøpe i siste sekund.
Før middag støvsuga eg grundig alle teppegolva. Det er visst heilt UT med teppegolv, men for oss passar det perfekt. Har ein hørselsproblem og tinnitus, slik som eg, er det verst med tome rom med mykje akustikk -  teppe og gardiner dempar problema. Og når vi verken har husdyr eller ungar til dagen, går det greitt.
Ein fiskekamerat til Nils kom med eit stort glas nedlagd sild i julegåve. Så til lunsj vart det sild og egg. Veit ikkje om det blir behov for meir saltmat i dag.
Etter at vi hadde slappa av ei stund, tok eg meg på tak og skreiv data-julebrev. Fekk brev frå John Per i dag, så då fekk eg inspirasjon.Det er ei form for latskap, det at eg ikkje skriv julekort lenger. Det er så mykje meir lettvint å bruke laptoppen.
Då vi heldt på å pakke julegåver her ein kveld, oppdaga eg at eg hadde minst eitt lestepar for lite; så i går kjøpte eg ekstra tjukt garn og begynte på eit par som skal bli ferdige til jul. Ikkje noko problem eigentlig. Men etter kvart blir det fleire store føter å strikke til. Eg kan ikkje strikke for lenge om gongen, så det er greitt for meg å strikke lestar, sjølv om det kan bli litt kjedelig i lengda.
Her er ikkje stress i pensjo-heimen, men noko MÅ gjerast i siste stund. Hadde blitt ein lang og trasig vinter om ein ikkje hadde jul.
I år har vi hatt ein fin førjulsvinter, det hadde vi i fjor også. På bildet over kan de så korleis himmelen i aust ser ut frå altanen vår om morgonen.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Eg må sjå innom bloggen din før eg køyar, det vart seint i kveld også. Du er ein raser å strikke lester og orden i huset har du også fått. Heldigvis er det nokre dagar igjen til julafta, så det ordnar seg vel her også. God natt.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...