lørdag, desember 29, 2012

Bok nr. 66 - 2012: Skyggedød

Skyggedød
Anne Holt har aldri vore min favoritt, og det er ho ikkje etter denne boka heller.
Ein liten gut dett ned frå ei gardintrapp og misser livet. Faren, som har ord på seg for å vere ein brutal far, vert med ein gong mistenkt.
Boka er litt sånn Agatha Christie-aktig- i det ein skal mistenke både den eine og den andre. Til slutt kjem avsløringa. Det var berre det at eg hadde funne mordaren for lenge, lenge sidan.
Boka er etter mi meining verken spennande eller interessant. Her er for mange ord, for mykje fyllstoff  - og i det heile tatt. Eg vil sjølvsagt ikkje fråråde  nokon å lese boka, men den fall ikkje i min smak.Slutten er patetisk.
Forfattaren vil sette søkelyset mot vold mot barn, seier ho i etterordet, og det er jo prisverdig.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har nettopp begynt på denne. Så får vi sjå.

Besta sa...

Ja, vi har vel kanskje ikkje heilt samme smak, men eg trur du også vil finne denne boka litt kjedelig.