Klokka er no 21.15. Temperaturen er minus 2 grader, og vi har hatt enda ein fin dag. Litt skya om morgonen, men så klarna det opp att.
I dag rigga vi oss til for handel. Først ein tur på El-kjøp, så på biblioteket og så Amfi. Og kven møter vi der? Slekt frå Stryn på julehandel her. Vi tok ein runde i byen, ein tur på fru Svendsen og innom mange butikkar. Og kven møter på ein av butikkane? Margrete- på julehandel i Ørsta. Innom Amfi igjen, enda fleire butikkar. Margrete ringer etter gode råd og vi avtaler møte.Tek farvel med stryningane og køyrer til Jernia, hjelper Margrete med å bestemme seg, og så er det tilbake til Amfi igjen. Og NO får vi handla litt. Kassa-sjokk! Varene kostar ikkje det som står på prislappen, men ca halvparten. Greitt nok for oss det-men det er noko som er FEIL.
Så klokka 15.30 er vi heime att og lagar middag. Kikar innom FB. Melding frå Solveig, dei kjem innover for å kjøpe kjole til Olaug. Så då klokka var vel 19, var dei her.Olaug hadde fått seg kort ballkjole i off-white med blonder og gull.Såg ut som den var str.6 år, men slik er moten no.
Det har vore ein kjekk og sosial dag.
Bildet er tatt i dag i 10-11-tida.
Ønsker alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
2 kommentarer:
Ja, jula er allereie på halv pris!
Elles kan eg melde om 6- her og 2+ i Eiksund på vegen heim.
Takk for oss!
Litt av ein handledag på dokke! Det må vel kvalifiserast til svart belte i shopping? Kjekt at de traff på slekt frå Stryn m.fl. Ha ei fin helg!
Legg inn en kommentar