mandag, mai 17, 2010

Bok nr.26 - 2010: Carmine Street

Eg har lese mange av Håkan Nesser sine bøker, særleg kriminalromanar, og han har vore ein av mine favorittar. Men denne boka får eg liksom ikkje taket på - eller det er kanskje rettare å seie at den ikkje grip tak i meg.Eg seier ikkje at boka er dårlig, den er både velskriven og tankevekkande på mange måtar, men eg dett ut heile tida, noko som er særdeles irriterande når kvar plate inneheld 6-7 spor. Eg har såleis lese store delar av boka både to og fleire gonger utan å få særlig mykje ut av den. Det er kanskje mi eiga skuld?

2 kommentarer:

solveig sa...

Du må legge bøkene frå Piratforlaget over på MP3! Nesser er ikkje min favoritt. Eg irriterer meg over dei fiktive namna. Dei er så vanskelege å hugse, også i papirutgåve.
Likar Ystad betre ...

Besta sa...

Nesser har nokre veldig bra bøker. Han er nokså filosofisk, men i denne boka gikk handlinga så tregt at det var vanskelig å halde interessa oppe.Men eg kan no google den, så kanskje eg forstår kva eg har gått glipp av.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...