tirsdag, mai 11, 2010

Vermelding 11.mai 2010

Klokka er 13.30. Temperaturen er + 10 grader og det er lettskya. Då vi stod opp i dag låg det snø på markene, men den forsvann fort.
Sidan eg er forkjøla og litt slapp i dag, har eg lita arbeidslyst, så det vart ein tur på Amfi i staden for hus- og hagearbeid.Der trefte vi mange kjende som vanlig, mellom andre ein tidlegare kollega som no er rektor på Svalbard. Ho var heime på "ferie".
Bildet er i dag teke frå parkeringsplassen til Amfi, og for dei som ikkje er så kjende, kan eg fortelje at fjellet midt i bildet heiter Lidaveten. Den undersjøiske tunnelen går gjennom dette fjellet, og dei som har ørneblikk kan kanskje sjå tunnelopninga?

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Eg har også vore litt pjask eit par dagar, men bra no. Fælt med snøbygene i dag tidleg.
Nettet har vore ute av drift her i kommunen i går og i dag, men no er det visst i orden.
Eidabesta

Besta sa...

Eg har "endelig" fått forkjølinga som Nils hadde for noko sidan, så eg er heller ikkje heilt i form, men ikkkje direkte sjuk heller. Håper det går for over.Fem år sidan sist eg var forkjøla.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...