søndag, mai 30, 2010

Vermelding 30.mai 2010

Klokka er 12.20. Temperaturen er +17 grader C ,og himmelen nesten skyfri. Det kunne ha vore reine sommardagen om det ikkje var for den snikande nordavinden. Eg er litt forsiktig med å kle av meg og sole meg, vart nokså elendig etter at eg låg ute på altanen heile fredag ettermiddag. Vi skal ha tidlig middag i dag, for klokka 16.00 skal vi på ballettshow på Kulturhuset, der dei tre eldste til Margrete skal i elden. Det slår nesten aldri feil at det er strålande ver på ballettdagen.
Har rusla litt rundt huset og sett til plantane, men set ikkje i gang storarbeid på sundag. Elles skal eg snart på jakt etter kvann (jol), så eg får laga rabarbrasyltetøyet som Gunda (Alt godt på bloggen) har oppskrift på.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg skal lage grunnlovsdessert berre stilkane vert litt lengre!

Besta sa...

Eg har leita opp desserten på nettet, og den såg ganske enkel ut.Trur den blir finast å sjå til om ein lagar vaniljekremen sjølv.
Utfordringa mi blir å finne rette sorten kvann(jol) så eg ikkje kjem heim med noko giftig som liknar. Er kvann den same planten som går under namnet "Tromsøpalme" ? Ja, eg kan no samrå meg med naboen, så får eg kanskje det lokale namnet. Synd han ikkje er heime.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...