lørdag, mai 15, 2010

Vermelding 15.mai 2010

Klokka er 12.30, temperaturen + 16 grader. Det er lettskya, sol og litt vind.
Nils var komen på sjøen lenge før eg hadde tenkt å vakne. Han kom heim med bra og variert fangst: sei, lange,lyr og uer.
Eg har støvsuga, og stort meir blir det visst ikkje med meg i dag. Skal nedover ein snartur og handle litt mat til helga. Vi kjem til å feire 17.mai på Straumshamn og i Nautvika  i år.Vi skal feire  Amanda sin fødselsdag litt på førehand også mens vi først er i gang. På sjølve dagen hennar (og dagen etter) er det ballettshow og MGP.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Hei Olaug!
Godt å sjå at våren er komen til Ørsta. Vi feirer 17. mai i Sola. No er vi i Arendal. På Kreta var det vanskeleg med internett. Men no skal eg snart legge inn meir på bloggen.

Besta sa...

Visste ikkje at de hadde vore på Kreta ein gong.Ja, her er vår, og i går var det ganske varmt, men i dag var det litt kald vind. Godt å ikkje ha plikter 17. mai. Vi skal til Straumshamn på dagen.Kjekt med 17.maifest på små stader.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...