fredag, mai 07, 2010

Vermelding 7.mai 2010

Klokka går mot 12, og Nils har nettopp kome heim frå sjøen. Det er strålande sol og + 14 grader C, så det er heilt nydelig ute.
Nils for ut på sjøen lenge før eg vakna, eller rettare sagt rett etter eg hadde somna. Får meg vakenetter etter at eg har vore spesielt aktiv, og det var eg i går, då vi felte resten av dei pjuskete granene mot naboen.
Han kom i alle fall heim med fin fangst. Han sette kveiteliner, og det var der han fekk den store brosma og fleire andre litt mindre.
Eg har laga tomatsuppe og foccaciabrød som vi skal ha til lunsj. Så blir det vel fisk seinare på dag. Såg at han hadde ein del småsei, og den plar vi ete med det samme, og så deler vi gjerne med dei naboane som vil ha.Det er vel snart berre pensjonistar som et slik mat?

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Litt av eit gap på den brosma. Påsalta brosme er kjempegodt.
Henning er litt forkjøla, så han har vore her i to dagar. I går var besten opptatt med veteran-utstilling i samband med opning av den nye BilExtra butikken her.

solveig sa...

Brosme var ikkje det beste eg visste i barndomen, men synest eg både brosme og lange er kjempegodt. Nypotetene har kome. Meierismør og flatbrød. I say no more.

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...