mandag, august 24, 2015

Dagbok 2015: 24.august

Klokka er 20.30. Temperaturen ute er + 20 grader, det er lettskya og fint. Frå morgonen av var det klår himmel.
Eg let falle eit ord i går om at eg kunne ha tenkt meg ein tur på Kjerringa, eg har vore der to gonger før, men det er lenge sidan sist. I dag var Nils klar for tur- og det var eg også. Gale å sitte inne i ein bil slike fine dagar, men kven synest det er stas å fare til Stad-landet i grisevêr?
Vi bestemte oss for å ta ferja Årvika-Koparnes 11.15. Vi køyrde til Fiskå-Åheim osv. og stoppa på Leikanger og handla litt. 

Først tok vi turen til Ervik, der vi også har vore før, men der var heilt annleis enn vi kunne hugse; merkeleg kor hukommelsen kan spele ein eit puss. Der var folk som bada, men ingen som surfa på bølgene.
Vi åt lunsj-det var mat vi hadde handla på Leikanger. Nils leita etter namnet på ein gammal kamerat på kyrkjegarden utan å finne det. Seinare fekk vi vite at han er still going strong.




Vegen opp til Vestkapp hugsa eg heller ikkje som noko skæmande, men i dag var eg vettaskremt, på slutten begynte eg å hyperventilere. Vegen er smal, i dårleg stand og utan autovern. Siste stykket gjekk eg til fots.
Heile Vestkapp er ei skam! Sauelort over alt, ein kafe som ikkje var open, ikkje så godt som eit bord e.l. Og for å seie det rett ut, heile Stadlandet og vel så det, er utan skikkelige rasteplassar med toalett. (Det fann vi først då vi var forbi Åheim på heimvegen).




Eg GJEKK ned frå Kjerringa eit stykke, til eg følte meg så trygg at Nils kunne plukke meg opp.
Så hadde vi tenkt oss til Hoddevika og til Fure, der har ingen av oss vore før.
Først køyrde vi over Dragseidet, der dei drog båtane over i gamle dagar. Der var ein stor kross til minne om at 4 fylke var kristna der i 997. Eg forstod kvifor dei drog båtane over der i staden for lenger inne(ved Kjøde), for der er ikkje så bratt og så er der også nokre vatn.


 Vi køyde gjennom Drage og ut langs sjøen på ein veldig smal veg, som etter kvart tok heilt slutt. Då var vi på Indre Fure, der den gamle kameraten til Nils kom frå. Dei einaste som bur fast på garden no er eit eldre ektepar, og dei prata vi med.
Eg har sett eit TV -program frå Fure ein gong-og eg kjende meg att. Det som er så spesielt er at der er så utruleg mykje vakre blomster alle stader. Mest roser, men også georginer, erterblomster og mykje anna. Snakk om idyll, særleg når sola skin frå klår himmel og det er 27 varme grader. Og ikkje minst sjøen rett nedanfor huset.







På Drage trefte vi ein flokk geiter. Mange av dei balanserte på den steinete stranda, andre gjekk på vegen.



Vi vart samde om å ta same vegen heim att, og kutta ut Hoddevika i dag, hadde fått ulysta oss på smale og kronglete vegar for ei stund.
Då vi kom heim koka Nils nye mandelpoteter frå Skjåk, og så hadde vi spekemat og flatbrød til. Vi var svoltne, så det smakte godt!
(Dette var i kortheit det vi har opplevd i dag, så får bilda seie resten.NB: Eg er ingen fotograf -eg berre knipsar)

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Flotte bilder du har tatt!

solveig sa...

Fine bilde! Kjekt å sjå! Mange er flinke til å lage sine eigne idyllar/turistattraksjonar.

Besta sa...

Ei veninne kommenterte påFB at ho hade gått frå indre til ytsteFure. Eg var glad at eg greidde turen ,dvs. Sitte i bilen og gå litt innimellom. Ikkje alle er like spreke!

arieldog sa...

Kjekt å sjå turbilete! Det er bra de nyttar og nyt dagane.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...